

VELKOMMEN TIL UF ØRSTA/VOLDA


![]()
Arbeider du som utrykkingspersonell i Ørsta og Volda regionen så nøl ikkje med å meld deg inn... Informasjon om kriterie for medlemsskap finn du ved Innmeldingsvalget under.
UF Ørsta/Volda arbeider tverrfagleg.
Dersom du er medlem i UF-Ørsta/Volda og likevel ikkje har brukarnavn og passord, trykk her....
ÅRSMØTET FOR 2008
UF Ørsta/Volda
UF Ørsta/Volda arrangerte Årsmøtet for 2008 fredag 27. februar 2009. 22 medlemar av organisasjonen hadde møtt opp til møtet, som føregjekk på Rådhuset i Ørsta. Møtet gjekk effektivt for seg, utan store anmerkningar.
Etter Årsmøtet heldt Brannkonstabel ved Volda Brann og redning, Erlend Krumsvik, eit informativt foredrag om Overflateredning. Innkjøp av utstyr til denne redningsgruppa har vorte gjort, og opptrening er gjennomført. Mykje av utstyret vart dekt av innsamla midler, og resterande utgifter har vorte dekt av eige budsjett til Volda Brann og Redning.
Som avslutning av kvelden vart det servert gratis pizza og drikke i kantina ved Rådhuset. Det vart som ved tidlegare tillstellingar også halde Lotteri til inntekt for organisasjonen.
Les Årsmeldinga til UF-ØrstaVolda...
BEREDSKAP OVERFLATEREDNING
UF-Ørsta/Volda
satte i 2008 i gong ein innsamlingsaksjon for å skaffe midlar til utstyr for
overflateredning. Utstyret er no på plass, og mannskap i Volda brannvern har
gjennomført opplæring i bruk av dette. 10 mann har gjennomført opplæring/trening
i redning. Utstyret består av våtdrakter, ABC utstyr, redningsvestar, tauverk,
div. sikringsutstyr og oppblåsbar redningsbåt. Situasjonar det kan vere aktuelt
nytte denne beredskapen, er ved redning av personar både på ope og islagt vatn
og i hamneområder/ strandlinje.
Les meir...
Laurdag 6 September 2008 vart det halde refleksaksjon i Volda. UF Ørsta/Volda arrangerte dette i samarbeid med Handelsforeininga i Volda. Personell frå politiet, ambulansetenesta og brann- og redning stilte opp ved gamle busshaldeplassen midt i Volda sentrum. Her vart det delt ut gratis refleks til både barn og vaksne. Les meir...
LANDSMØTET FOR UF NORGE 2008

Landsmøtet for UF-Norge for perioden 2006-2008, vart halde på Sæbø onsdag 7.mai og torsdag 8.mai 2008. Representanter fra 10 ulike lokale UF-utvalg tok turen til Sæbø for å ta del på landsmøtet. I tillegg var det fleire lokale medlemmar som deltok på dei faglige foredraga, og dei sosiale tilstellningane rundt møtet. Landsmøtet foregikk på Hotell Sagafjord. Det heile vart eit flott arrangemang, som organisasjonen skal vere fornøgd med.
Les meir på UF-Norge sine nettsider...
ØVING I EIKSUNDTUNELLEN
Tysdag
19.02.2008 kl. 17.30 vart første SOS-telefonen i Eiksundtunellen teke i
bruk for første gong. Denne gongen var det ingen som var i reell naud.
Det var planlagt storøving i tunellen, før den offisielle opninga av
Eiksundsambandet helga etter. Det vart sendt ut trippelvarsling for dei
tilknytta kommunane. Det som var tilgjengeleg frå både Brann, Ambulanse,
Politi, Legestanden og Sivilforsvaret tok del i øvinga. Det var Statens
Vegvesen som hadde bestilt øvinga, i forhold til å teste ut sikkerheita
i tunellen før opninga.
Les meir...
Sjå bilder tatt av observatør...
UF Ørsta/ Volda arrangerte
vårmøte 4.6.2007 ved Volda Turisthotell kl. 1900.
Tema for møtet var "Energi og skademekanisme, gammal kunnskap i ny
drakt. Nybilanatomi, læra om bilkonstruksjon, kva betydning dette har
for den energien mennesket utsettes for ved ulykke med kjøretøy, og kva
dette kan bety for innsatspersonell i nåtid og framtid."
Trond boye hansen frå Ambulansetjenesta i Oslo og Akershus, har fylgt trafikkulykkesutviklinga på nært hald i eit forskingsprogram. Trond Boye Hansen heldt dette foredraget på UF-landsmøtet i 2006, og tok no turen til Volda til stor nytte for utrykkingspersonellet i volda/Ørsta regionen. Les meir...
KATASTROFEØVING HOVDEN FLYPLASS
Det
vart arrangert storøving ved Hovden flyplass, torsdag 10.05.2007.
Alarmen gjekk kl. 17.55, då ei simulert ulykke hadde funne stad i enden
av landingsbana. Scenarioet var flyhavari, der 25 skadde var involvert.
Det var laga til åpen eld på staden, i tillegg til bruk av markørar.
Øvingsområdet hadde altså ulike element ved seg, slik at alle einheiter
skulle ha utbytte av øvinga. Øvingsutvalget ved Sunnmøre Politidistrikt
var ansvarleg for planlegging og gjennomføring av øvinga.
Les meir...
Vurderer du eit yrke innan Brann, Politi eller Ambulanse...?
Er du medlem i Norsk Luftambulanse?
Dette har NLA gjort for vårt distrikt.
• Økonomisk støtte til kjøp av brannsløkningsutstyr og førstehjelpsutstyr.
I tillegg kan du få gratis førstehjelpskurs.
UF trening i Idrettsbygget i Volda
UF-Treninga i Idrettsbygget i Volda
startar
opp igjen. Som tidlegare år leiger vi to saler i bygget, kvar onsdag kl.
19.30-20.15. Første trening blir Onsdag
3. September
2008. Treninga går ut i eksamenstid og på helligdager, då bygget er
stengt. Vi legg treninga opp til fotballspel og eventuelt innebandy. Tanken med
treningstilbodet er sjølvsagt å komme seg i litt bedre form, men det
viktigaste er nok å samlast for å ha det litt sosialt ilag. Alle medlemmar
er hjarteleg velkomne til å delta.
RUSSEAKSJONEN 2008
I april vart årets russeaksjon gjennomført. I år var alt samla ved Ørsta
Trafikkstasjon. Russebilane vart kontrollerte i tur og orden. Medan russen venta
på tur, hadde politi, brann og ambulanse sine stasjonar med ulikt opplegg som
russen rulerte på. I tillegg til dei ulike etatane stilte G4S med ein
representant som viste korleis brannapparata fungerte.
Les
meir....
TAS 2 REPETISJONSKURS
Torsdag
25. Oktober vart det halde TAS (Tverrfaglig Akuttmedisinsk Samarbeid) 2 -
Repetisjonskurs for utrykkingspersonellet i Ørsta og Volda. Kurset vart halde av
representantar frå Norsk Luftambulanse, og UF Ørsta/Volda var teknisk arrangør.
Kurset fann stad i Furene, der lokala til Fjord1 vart nytta for den teoretiske
undervisninga, medan den praktiske treninga gjekk føre seg i området ved Brenne
Brusfabrikk.
Krav om refleksvest i bil,
og bruk av refleksvest ved nødstans
Vegdirektoratet har i desse dagar komt ut med høring i forhold til tre forskriftsendringar. Forslaga er utarbeid med tanke på auka trafikksikkerhet.
UF-Norge ser i desse dagar på forslaget til forskriftsendringar i forhold til punkt 1) forslag til krav om refleksvest i bil og bruk av refleksvest ved naudstans. Dette fordi dette forslaget kan få følgjer for utrykkingspersonellet, og deira arbeid på skadestad. Høringsfristen er satt til 17.oktober 2006.
Du kan lese høyringa i si heilheit på Statens Vegvesen sine nettsider. Dokumentet er ei pdf-fil, så du treng Adobe Reader for å lese dette. Les heile høringa.
GLATTKØYRINGSTRENING
UF
Ørsta Volda arrangerte glattkøyringstrening for medlemane tysdag
14.november og torsdag 16. november 2006. Oddmund Liaskar tok seg av
veiledning på den praktiske treninga, som vart halde på NAF si
glattkøyringsbane i Furene.
Les meir...

Internett-Linkar:
Fagblad:
Lokalt:
Viktige telefonnummer:
110 Brann
112 Politi
113 Medisinsk Nødsentral