

REFERAT FRÅ FELLESMØTE 03.06.99
Stad : Volda Turist Hotell
Leiaren i UF Ørsta/Volda Pål Inge Olsen opna møte med og ynskje alle velkomne.
Dette er det første fellesmøte arrangert i regi av UF Ørsta /Volda, og det knytte seg derfor stor spenning til frammøte.
Etter at leiaren hadde ynskt velkomen vart det orientering om Rotsethorn tunellen ved prosjektleiar Rolf Arne Hamre, med påfølgande synfaring i tunellen.
Leiaren refererte så frå landsmøte i UF Norge og informerte om arbeidet som har blitt gjort i UF Ørsta/Volda så langt. Den vidare aktiviteten er et felles ansvar, og forslag til saker eller aktivitetar som bør takast opp, er vi i styret takksame for å få.
Det blei delt ut medlemskort, og det ser så langt ut som interessa er god.
Næringslivet i Ørsta og Volda hadde sponsa oss med en del gevinstar, og dei vart trekte ut blant dei frammøtte, og dei medlemane som var hindra i å kome på grunn av vakt.
42 Frammøtte blei registrert.
Møte blei avslutta med sosialt samvære med varm mat og drikke.
Ørsta 04.06.99
_____________________
Grete Bjørdalsbakke Mo
Ref.