

Ein 55 år gamal mann omkomm då ei sjøbu brann ned på Dravlaus i Volda natt til julaftan. 150 meter unna ligg brannstasjonen som politikarane la ned tidlegare i år.
- Pumpa svikta
Det var to brødre som budde i sjøbua. Den eine prøvde å redde ut broren, men måtte gje tapt.
Brannmannskapa frå Steinsvik var dei første som kom til med sløkkjeutstyr, men då minutta gjekk som fortast svikta pumpa. 150 meter frå brannstaden ligg den nedlagde brannstasjonen på Dravlaus. Stasjonen står der med fullt brukbart utstyr., og med ei pumpe som er av nyare dato enn den dei har i Steinsvik. Men brannstasjonen var lukka og låst, og ingen visste kvar nøkklane var. Døra måtte difor brytast opp. Folk på Dravlaus i Dalsfjorden er i harnisk etter den fatale brannen. I mai i år vart dei lokale brannmannskapa sagt opp av kommunen. Administrasjonssjef Jarle B. Krumsvik i Volda Kommune stadfestar at nedlegginga i hovudsak var et sparetiltak. Det var stasjonane på Dravlaus og i Austefjorden som vart lagde ned. Kor mykje kommunene har spart på nedlegginga kunne ingen svare på, men det er snakk om ein liten sum.
- Galskap
Det er fullstendig galskap at desse bygdestasjonane vert nedlagd seier fungerande brannsjef i Volda Svein Arnesen. Og kva om dei rasutsette vegane mellom Steinsvik innerst i Dalsfjorden og Dravlaus hadde vore stengt. Arnesen var leiande befal under brannen. Frå Volda sentrum rykte dei ut med fire brannmenn, fire røykdykkarar, politi og ambulanse. Ekstrarferje vart sett inn, men dei var ikkje framme før etter nærare ein time etter første melding. Røykdykkarane kom med båt tidlegare men kunne ingen ting gjere.
Kommunepolitikar Sindre Kvangarsnes, som er med i brannkorpset i Steinsvika og som deltok i sløkkjearbeidet natt til julaftan, meinar brannberedskapen i bygda.Volda er skremande. Den fatale brannen på Dravlaus viser kor dårleg vi har stelt oss når det gjeld brannberedskapen på bygdene. Ikkje nok med at vi slit med gammalt utrangert utstyr. Løyvingane til øvingar er så nedpint at mannskapa knapt veit korleis utstyret fungerar.
Det verste ein brannmann kan oppleve er å ikkje få vatn, noko vi opplevde då vasspumpa svikta. Ei defekt pakning var årsaka til at brannpumpa frå 1966, som må startast med sveiv, ikkje greidde å suge vatn. Det held ikkje at velfungerande sløkkjeutstyr står innelåst i ein nedlagt brannstasjon medan vi må bruke utrangert og defekt utstyr. Kvifor var ikkje brannpumpa, som er reine Rolls-Royseutgåva i høve vår pumpe, stasjonert i Steinsvika, spør Kvangarsnes. Han stiller seg også kristisk til at det tydelegvis manglar rutinar for kvar nøklar skal oppbevarast.
Sunnmørsposten 24.12.00