

UF Ørsta / Volda har i 2000 hatt fylgjande tillitsvalgte :
Leiar : Pål Inge Olsen - Politi
Nestleiar : Roar Gjerde - Ambulanse
Sekretær : Grete Bjørdalsbakke Mo - Ambulanse
Kasserar : Øystein Sørheim – Politi
Styremedlem : Arne Hjorthaug - Brann
Styremedlem : Svein Arnesen – Brann
Varamedlem : Arve Rødvik
Varamedlem : Guttorm Hagen
Varamedlem : Einar Tore Haavik
Revisorar : Malvin Kile og Terje Schjelderup
Valnemd : Agnar Jetmundsen, Knut Inge Ertesvåg og Morten Haavik
UF Ørsta / Volda har i 2000 hatt 4 styremøter og handsama 12 saker.
Det har vore halde eit fellesmøte.
Landsmøte i UF Norge
Leiaren var utsending til Årsmøte i UF Norge 26 mai som vart arrangert i Trondheim. Styret synest det er viktig at vi tek del og viser interesse for det som skjer på landsbasis. Vi ser også stor verdi av å treffe andre kollegaer, samt å få nye idear om korleis vi kan drive UF.
Nye medlemar
Vi vil også få nytte høve til å ynskje dei tilsette ved AMK og 110 brannvarslinga ved Fylkessjukehuset i Volda velkomen som nye medlemmar. Vi synest det er kjekt at også dei vil ta del og fremje det fellesskap og samarbeid som trengs i alle typer ulykker som vi skal mestre.
Undervisning
UF har i haust hatt undervisnig om stoff og rusproblematikk – førstehjelp og brannvern til personar som ynskjer og utdanne seg som Vektere.
Styret vil i den samanheng få rette ei takk til Pål Inge Olsen – Svein Arnesen – Roar Gjerde – Bjørg Flø – Hogne Grebstad og Karl Petter Hove for at dei stilte opp og tok på seg denne undervisninga.
Høring ” Fagmerking av personell på skadested ”
Fellesutvalga i Norge har blidt bedt om å komme med uttalelser i forbindelse med ” forslag til fagmerking av personell på skadested ”.
UF Ørsta /Volda trekte følgande konklusjon etter uttalelsar frå våre medlemmar.
Sjå vedlegg.
UF Ørsta/Volda – Årsmelding 2000
Kollegatreff
Vi har i 2000 hatt eit kollegatreff der vi tok føre oss erfaringane etter trafikkulykke i Rotsethorntunellen. Det var svært godt frammøte på dette treffet.
Sjå vedlegg.
UF dag
Vi har i samarbeid med handelsforeninga i Ørsta og Volda hatt en presentasjonsdag for UF der vi mellom anna delte ut refleks til store og små.
Sjå vedlegg.
Presseomtale
Møre og Møre-Nytt har også i år vore svært villige til å stille opp på dei aktivitetane vi har hatt, og gitt oss fyldige reportasjar.
Ei spesiell takk til Møre Nytt som har lånt oss bilder som vi har brukt i årsmeldinga.
Heimeside
UF Ørsta / Volda ynskjer å få lage si eiga heimeside – Om det skulle vere nokon av medlemmane eller andre kjente som kan tenke seg og ta på seg eit slikt oppdrag, hadde vi vore svært takksame for det.
Ørsta 26.02.01
__________________ _____________________ _____________________
Pål Inge Olsen Grete Bjørdalsbakke Mo Øystein Sørheim
_____________ __________________ _____________________
Svein Arnesen Roar Gjerde Arne Hjorthaug
UF- Ørsta/Volda – Årsmelding 2000