

UF Ørsta / Volda har i 2001 hatt fylgjande tillitsvalgte :
Leiar : Pål Inge Olsen - Politi
Nestleiar : Roar Gjerde - Ambulanse
Sekretær : Grete Bjørdalsbakke Mo - Ambulanse
Kasserar : Øystein Sørheim – Politi
Styremedlem : Agnar Jettmundsen - Brann
Styremedlem : Svein Arnesen – Brann
Varamedlem : Arve Rødvik
Varamedlem : Guttorm Hagen
Varamedlem : Einar Tore Haavik
Revisorar : Malvin Kile og Terje Schjelderup
Valnemd : Einar Rostad, Jan Arve Osborg, Magni Vinjevoll
UF Ørsta / Volda har i 2001 hatt 4 styremøter. Det har vore halde eit fellesmøte.
Nye medlemar
Vi vil også i år få nytte høve til å ynskje nye medlemar velkomne, og då spesielt bakkemannskapet ved Ørsta/Volda lufthamn. Vi synest det er kjekt at også dei vil ta del og fremje det fellesskap og samarbeid som trengs i alle typer ulykker som vi skal mestre.
Undervisning
UF har fått løyve frå politiet til å halde kurs for dørvakter. Dette er et kurs som er påbode for dei som har slike jobbar. Kurset vart halde på Volda Turist Hotell i april, og det var 37 deltakarar.
Det vart gitt undervisning i følgande tema :
Juridiske rettningslinjer – Rettar og avgrensningar – Ved Reidar Andresen, Kommune advokat
Livreddande førstehjelp – Roar Gjerde, Ambulansen
Brannvern – Brannførebygging – Svein Arnesen, Brann
Narkotika – Teikn og symptom med meir – Øystein Sørheim, Politi
Kommunikasjon, haldningar og konflikttakling – Einar Rostad og Pål Inge Olsen, Politi
Inntektene frå dette kurset har gått til UF Ørsta / Volda.
UF Ørsta/Volda – Årsmelding 2001
Kollegatreff
Vi har i 2001 hatt eit kollegatreff der Ole Anton Utvær snakka om dei erfaringane han sitt att med etter innsatsen ved flyulykka på Svalbard der han jobba for Kripos og frå Øst-Trimor der han var i FN-tjeneste for den internasjonale politistyrken UNSIVPOL.
Utvær starta med å vise bilder frå Widerøe ulykka i Namsos i 93 der 6 personar omkom og 14 overlevde. Ved Svalbard ulykka i august 96 var det 141 personar som omkom, og lysbilda
som blei vist frå desse to ulykkene fortell svært mykje om kva utfordringar vi som redningspersonell kan stå ovanfor i vår kvardag.
Utvær framheva kor viktig det var å organisere seg, og ha øvingar slik at ein veit kva arbeidsoppgåver ein har ved ulykker. Dei delte seg alltid inn i grupper og jobba aldri åleine. Skadeverknadane reduserte dei ved å samle alle og prate ut en ½ time kvar kveld.
Det tok 9 dagar å få ut alle dei omkomne.
Det var 52 personar som møtte fram til dette treffet, og vi avslutta med sosialt samvære i resturanten på Volda Turist Hotell.
Glattkøyring
Også i år har det vore høve for medlemmar og prøve seg på ” glattå ”. Dette er et viktig tiltak og vi blir like overraska kvart år når vi ser kor langt vi siglar før vi har kontrollen, eller klarer og stoppe.
Styret oppmodar derfor alle til å ta del i dette tiltaket til neste år.
TAS Kurs
UF Ørsta/Volda tok på seg å være teknisk arrangør av et såkalla TAS Kurs. Dette er et kurs i Tverfagleg akuttmedisinsk samarbeid som skal gi redningspersonell trening i å samarbeide på et skadested. Det er NLA som arrangerer desse kursa.
Sjå vedlegg
UF dag
Vi har i samarbeid med handelsforeninga i Ørsta og Volda hatt en presentasjonsdag for UF der vi mellom anna delte ut refleks til store og små.
Sjå vedlegg.
Heimeside
UF har fått laga si eiga heimeside, og i den samanheng så ynskjer vi stoff som kan være av interesse å ha med. Ta kontakt med styret.
Ørsta 01.03.02
__________________ _____________________ _____________________
Pål Inge Olsen Grete Bjørdalsbakke Mo Øystein Sørheim
_____________ __________________ _____________________
Svein Arnesen Roar Gjerde Agnar Jettmundsen
UF- Ørsta/Volda – Årsmelding 2001