

….Rask utrykking….
Frå AMK sentralen i Volda vart det slått full alarm. Brannbilar, sjukebilar, ein person frå Røde Kors og politi var med i troppa. Ferja som var på veg til Folkestad vart tilbakekalla for å hente redningsmannskapet.
Meldinga som gjekk ut kl.10,16 til redningsmannskapa i Volda gjekk ut på at ein buss hadde køyrt utfor vegen og at der skulle være mange skadde. Med andre ord var dette reine skrekkmeldinga, og AMK sentralen fekk ein stri og hektisk jobb med å varsle alle partar.
Ferja som vart tilbakekalla midtfjors, måtte vente på sjukebilar etter at resten av redningspersonellet var komne om bord. Ei ambulanse som nett hadde kome med sjuketransport frå Herøy var den siste ambulansen om bord i ferja.
Ferja som vart tilbakekalla var nesten full, og redningsstyrken frå Volda fekk akkurat plass utan att nokon måtte rygge på land.
Under overfarta fekk brannmannskapa låne tjukt tauverk frå ferjemannskapet som dei skulle nytte til å sikre bussen med.
Utrykkingstid på vel en halvtime etter utforkøyringa.
Redningsmannskapa brukte vel en halv time før dei var ved ulykkesstaden. Dette er noko av vanskane som oppstår når ein er avhengig av ferjetransport. Likevel var dette raskare enn å ta ei utrykking frå Nordfjordeid seier ein ved lensmannskontoret i Volda.