

Farleg nær ei katastrofe....
Ti nærmast uskadd i dramatisk bussvelt

Ni passasjerar og ein bussjåfør kom lettare til skade då ein buss køyrde utfor E39 ved Krumsvikneset i Volda. Dei ti ombord i bussen hadde likevel hell i uhellet. Lensmannen i Volda sine folk ser på det som eit mirakel at ingen kom alvorleg til skade.
Då eg først fekk meldinga om at ein buss med ti personar hadde køyrt utfor vegen her, grøssa eg og tenkte det verste. Dess meir letta vart eg då eg kom hit og såg kor bra det eigentleg hadde gått med folka. Her kan vi trygt seie at dei i bussen hadde marginane på si side. Det var lite som skilde frå ti alvorleg skadde og døde personar til ti som mest ikkje hadde skader, fortel lensmannsbetjent Einar Rostad.
Det var like etter klokka 10 onsdag meldinga om bussulykka kom. Folkestad- ferja ute på fjorden vart omdirigert tilbake til Volda for å ta med politi, brann og ambulansepersonell. Då hjelpemannskapa kom fram var allereie dei fleste passasjerane kome seg opp på vegen, og sat godt og varmt i drosjesjåfør Bård Lillefosse sin minibuss.
Bussen var på veg frå Nordfjordeid til Volda og hadde vaksne passasjerar frå tjue til midt i syttiåra om bord.
Ulykka skjedde då busssjåføren miste kontrollen på det glatte føret. Nokre meter etter der fjellveggen sluttar køyrde bussen på autovernet og over det. Bussen kom utfor vegbana, og sigla nedover den bratte skråninga på trea som sto der. Vel tjue meter nede, midt mellom vegen og sjøen stoppa bussen. Til alt hell glei bussen på trea. Det gjorde at han ikkje gjekk rundt. Då torer eg ikkje tenkje på kva som kunne ha skjedd, fortel Rostad. Hadde han hamna utfor vegbana eit par meter tidlegare, ville han gått ned ein mykje brattare skrent.

18.04.01 Bilda er utlånt av Møre