Sist oppdatert: 14. November 2008

Tverrfaglig akuttmedisinsk samarbeid

Alarmen går i Ørsta og Volda. Det skal vere ei realistisk øving i Rotsethorntunellen i Volda, i samband med det landsomfattande kursopplegget ” Tverrfagleg akuttmedisinsk samarbeid ” (TAS) i regi av Norsk Luftambulanse.

 

 

Pål Inge Olsen, lensmannsbetjent i Ørsta og leiar for lokallagt til Utrykningspersonellets Fellesutvalg Ørsta/Volda, har på vegne av Ørsta og Volda kommune teke på seg å arrangere dette tverrfaglege kurset i samarbeid med Norsk Luftambulanse. Eit av måla med øvinga er å få alle fullt skjerpa dersom ulykka verkeleg skjer.

Finn John Pryds, Norsk Luftambulanse sin regionleiar i Telemark, Aust- og Vest-Agder, fortell at bakgrunnen for det tverrfaglege samarbeidet er stortingsmelding nummer 43. Der står det i korte trekk at dei ulike redningskjedene må kunne litt om alt det ein treng på ein ulykkesstad. Politi og brannvesen kan være første utrykkingspersonell på staden ved alvorlege ulykker. Kunnskapar om akuttmedisin og trening i grunnleggjande førstehjelp er difor viktig. Samtidig er det ein vesentleg faktor at dei ulike etatane kjenner arbeidsoppgåvene og kompetansen til kvarandre.

Kurset varte i fire dagar. Dei første to dagane var det legar, sjukepleiarar og ambulansepersonell som var samla til akuttmedisinsk seminar, der det vart lagt mykje vekt på praktisk trening i høve utstyret som blir nytta ved ulykker/sjukdom. Den andre delen av kurset var det politiet og brannvesenet i Ørsta og Volda som var målgruppa. Målsettjinga med kurset var å gje deltakarane mulegheita til å auke kunnskapen og dei praktiske ferdigheitene innan førstehjelp og akuttmedisin. I tillegg skal dette være med på å styrkje samspelet mellom dei ulike etatane som er involverte ved større ulykker eller alvorleg sjukdom. Kurset vart avslutta med ei stor og realistisk øving i Rotsethorn tunellen, der fleire bilar hadde kollidert og mange personar var skadde. Eit vidfemnande redningsarbeid vart sett i verk og alle tilgjengelege ressursar deltok. Det vil sei om lag 50 personar frå politi og brannvesen i Ørsta/Volda, ambulansetenesta, primærhelsetenesta, anestesipersonell, AMK personell og personell frå 110 brannvarslinga.

 

TAS Kurs 22-25.10

 

Sjå referat frå den avsluttande ”Tunelløvinga”                      Sjå bilder frå TAS1 og den avsluttande ”Tunelløving”