

Møtet vart halde i lokala til Ørsta Røde Kors klokka 20.00.
Me starta omvisning i dei flotte lokala av leiaren i Ørsta Røde Kors Kjell Bjarne Eikebø, han er ei av eldsjelene i laget.
Sjølve årsmøtet starta klokka 20.45. Det var 21 frammøtte der alle etatar var representerte.
Sak 1: Konstituering
a) Opning ved Roy Inge Heltne
b) Godkjenning av innkallinga – godkjent utan merknadar
c) Godkjenning av sakliste – godkjent utan merknadar
d) Val av møteleiar - Roy Inge Heltne
e) Val av referent – Siv Heidi Osvoll
f) Val av to til å skrive under møteprotokoll – Randi Hetle og Tormod Moe
Sak 2: Årsmelding
Roy Inge Heltne las opp årsmeldinga – godkjent utan merknadar
Sak 3: Rekneskap
Even Haavik gjekk gjennom rekneskapen.
Ingen av revisorane var til stades, rekneskapen vart godkjent under føresetnad at den var revidert.
Sak 4: Innkomne framlegg
· Styret kom med forespurnad om det er interesse for trimkveld for UF-medlemar. Årsmøtet er positive til eit opplegg der ein kan leige svømmehallen ein gong pr veke. Roy Inge Heltne vil jobbe vidare med den saka.
Sak 5: Val
a) Styret for UF 2003 ser slik ut:
Leiar: Roar Gjerde - attval, 2 år
Nestleiar: Roy Inge Heltne - ikkje på val, 1 år att
Sekretær: Siv Heidi Osvoll - ny, 2 år
Kasserar: Even Haavik - ikkje på val, 1 år att
Styremedlem: Guttorm Hagen - ikkje på val, 1 år att
Styremedlem: Agnar Jetmundsen - attval, 2 år
Når det gjeld siste styreplassen var det val mellom Bente Løvøy og Agnar Jetmundsen, der Jetmundsen fekk flest stemmer.
b) Val av vararepresentantar:
Arve Rødvik (attval, 1 år)
Ole Henry Gjærset (attval, 1 år)
Jostein Vatne (ny, 1 år)
c) Val av revisorar:
Terje Schelderup (attval, 2 år)
Malvin Kile (attval, 2 år)
d) Valnemd:
Jan Arve Osborg (attval, 1 år)
Stian F Meek (ny, 1 år )
Per Kåre Rjånes (ny, 1år)
Sak 6: Avslutning:
Årsmøtet takkar Grete Bjørdalsbakke Mo for kjempeflott innsats som sekretær i UF –
Ei flotte krus ligg heime hjå Roar og berre ventar på å verte di Grete !
Møtet heva klokka 21.25.
Me avslutta med kaffi og wienarbrød før dei som ville tok turen på Rust.
Volda 01.03.03
Referent
________________
Siv Heidi Osvoll
Godkjent av
_____________ _______________
Randi Hetle Tormod Moe