Sist oppdatert: 14. November 2008

TAS2-kurs

i samarbeid med   

 

14. og 15. Oktober 2003 vart det halde kurs i hurtigfrigjering, såkalla TAS 2, i Ørsta/Volda. Kurset vart arrangert i regi av Norsk Luftambulanse, i samråd med UF Ørsta/Volda. TAS 2 er finansiert av årets gåveaksjon frå Norsk Luftambulanse med sine 700.000 medlemar. Dette er eit pilotprosjekt der Ørsta/Volda var ein av ti kommunar, som fekk delta i år. Planen er at alle kommunar som har gjennomgått TAS 1, skal også få gjennomføre TAS 2 (ca. 200). Dette med forbehold om at kapitalen er på plass.

 

 

Kurset vart halde i Tussa sine lokaler i Hovdebygda, som også sponsa kursdeltakarane med mat og drikke gjennom kursdagane. Kurskonseptet er retta mot hurtigfrigjering av kritisk skadde pasientar, som sitter fastklemd i bilvrak. I tillegg tek ein for seg kommunikasjon, samhandling og ledelse på skadestad. Kursleiinga bestod av representantar frå dei ulike etatane; Politi, Brann og Helse. Desse underviste både teoretisk og praktisk for sitt fagfelt, samt i fellesskap.

 

 

Det var totalt 24 deltakarar på kurset, der 6 stk. representerte Ørsta Brannvern, 6 stk. Volda Brannvern, 5 stk. Politiet i Ørsta/Volda, og 6 stk. frå Volda Sjukehus, ambulanseavdelinga. I tillegg til kursdeltakarane, var ein del observatørar tilstades. Blant observatørane var Luftambulansen frå Ålesund og Viking redningsteneste/Murbil (Ørsta/Volda).

 

Kurset var lagt opp med både teoretisk bakgrunn for temaet, praktisk planspel og praktisk øving. Den praktiske øvinga føregjekk på Hovden flyplass sitt øvingsfelt.

 

 

 

Sjå fleire bilder frå kurset