Sist oppdatert: 14. November 2008

PROSJEKT BYGDEBRANNVERN

Vartdal

 Våren 2004 starta UF Ørsta/Volda med eit tiltak kalla "Prosjekt Bygdebrannvern". Dette gjekk ut på at representantar frå Ambulansetenesta holdt førstehjelpskurs for mannskapet ved bygdebrannstasjonane i Volda- og Ørsta-kommune. Dette vart starta opp etter at UF Ørsta/Volda fekk ein stønad på 50.000 kroner, frå Sparebanken Volda/Ørsta. Undervisninga har lagt vekt på førstehjelp overfor traumepasientar ved trafikkulykker. Bakgrunnen for dette tiltaket, er at brannmannskapa ofte er førsteinnsatspersonell ved ulykker i distrikta. Dette grunna at det tek ei tid før Helseetaten er representert, med sin lokalisasjon ved Volda Sjukehus.

 

I vår, vart det halde to kurs. Eit på Sæbø for Brannverna på Sæbø og Øie, og eit kurs i Austefjorden for Brannverna i Fyrde, Straumshavn og Bjørke. Laurdag 2.Oktober vart eit nytt kurs gjennomført. Dette vart halde på Vartdal, der brannmannskap frå både Vartdal og Standal deltok. Kurset vart halde av Arve Rødvik og Svein Arild Roald. Seinare på hausten fekk mannskapet ved stasjonane på Dravlaus og i Steinsvika, det same kurset.

 

Brannlaget på Vartdal har no fått seg ny Brannbil.

Denne kjem frå Sverige, og har vorte satt i stand med god dugnadsånd.

 

Les om kurset på Sæbø og Austefjorden.

Les om kurset på Dravlaus.

"Prosjekt Bygdebrannvern" er sponsa av: