

UF-tur til Ålesund
UF Ørsta/Volda arrangerte tur til Ålesund, fredag 29.oktober. Hensikta med turen, var å gjere seg kjend med dei ulike operasjonssentralane. Det var i alt 19 medlemar som deltok på turen Dei reiste med buss frå Volda kl. 17.00, og var tilbake igjen ca. 24.00. Dei besøkte først 112-sentralen, politiets operasjonssentral, der dei fekk omvisning av leiaren for sentralen, Kåre Hanken. Etter dette tok dei turen til 110-sentralen. Her fortalde ein av operatørane på vakt, om dekningsområde og drifta av sentralen. Til slutt gjekk turen til luftambulansebasen ved HF Sunnmøre, Ålesund Sjukehus, for ei omvisning der.