

Blålysshow i Ørsta Sentrum
Etter ønske frå Ørsta Handelsforeining, stilte UF Ørsta/Volda opp i Ørsta sentrum fredag 6.Mai 2005. I forbindelse med langåpne butikkar, var altså UF Ørsta/Volda representert med både Brannbil, Ambulanse og Politi. Utrykkingseinheitene hadde stasjonert seg i Vikegata ved Fokus Kjøpesenter. Mange born og vaksne kom til, for å ta bilane i nærare augesyn. Politihunden Odin var eit svært populært innslag. Den gule ambulansa til HF Sunnmøre, fekk også litt ekstra merksemd.
![]()
UF Ørsta/Volda har delteke på liknande tilstelningar tidlegare år, der dei har fått presentert sitt arbeid, bl.a. i år 2000 og 2001.