Sist oppdatert: 14. November 2008

RUSSEAKSJONEN 2006

 

Årets russeaksjon vart halde tysdag 9. mai 2006. I år stod UF Ørsta/Volda for aksjonen åleine, då biltilsynet hadde gjennomført sin årlege køyretøykontroll tidlegare. Det var likevel ein god del russ som tok turen innom øvingsområdet til Hovden flyplass. Dei tre utrykkingsetatane var representert med både politi, brann og ambulanse. I tillegg var Falken der, og tok del i brannslokkingsundervisninga.

 

     

 

Øvingsområdet var inndelt i postar der russen fekk undervisning i grunnleggande førstehjelp, skadestadsleiing/førsteinnsats ved trafikkulykker, og brannslukkning. I kombinasjon med teoretisk informasjon, fekk alle prøve seg på dei ulike førstehjelpsmomenta og brannslokkning med pulverapparat. UF Ørsta/Volda prøver på denne måten å gjere russen betre budde til å møte ulykker i trafikken, både i russeperioden og for ettertida. Oppmøtet frå russen var ikkje like stor i år som tidlegare år, men mellom 30 og 40 russ tok turen innom denne kvelden.