Sist oppdatert: 14. November 2008

Referat frå årsmøte i UF Ørsta/Volda

 

Møtet vart halde fredag 29.02-08 ved Volda Turisthotell kl.19.00. Det var til saman 32 medlemmar som tok del på årsmøtet.

 

Først på årsmøte vart det halde ein fagleg bit i regi av Redningsdykkertenesta frå Ålesund Brannvesen. Sindre Egenes informerte om tenesta og korleis dei jobba ved ulike oppdrag.

 

Deretter opna leiar Roar Gjerde årsmøtet. Det var ingen merknad til innkallinga. Møteleiar vart Roar Gjerde. Til referent vart Hege Aarseth valt. Tore Bjørdal og Knut Krumsvik vart valt til å skrive under årsmøteprotokollen.

 

Roar las gjennom årsmeldinga. Det kom ein merknad til årsmeldinga. Det bør kanskje leggast ved kven som står på val til styret. Dette bør ein diskutere til neste år.

 

Deretter informerte Even om økonomien til UF Ørsta/Volda. Terje Schjelderup hadde gått gjennom og godkjent rekneskapet i forkant av møtet. Det kom reaksjonar på at denne delen vart framlagd muntleg. Oversikta over rekneskapet bør enten visast på projektor eller kopierast opp til medlemmane slik at ein lettare kan følgje med under informasjonen som blir gitt.

 

Valnemda hadde desse forslaga til medlemmar til styret:

 

Nestleiar: Matz Kroken Aasebø                      gjenval            

Kasserar: Even Haavik                                    gjenval

Styremedlem: Stein Husevåg                            ny

 

Varamedlemmar:

 

Tomas Indrearne                                             ny

Ole Henry Gjærset                                          gjenval

Øystein Sørheim                                             gjenval

 

Revisorar:

 

Terje Schjelderup                                            gjenval

Malvin Kile                                                     gjenval

 

Valnemd:

 

Knut Krumsvik                                               gjenval

Harald Nupen                                                 gjenval

Øystein Sørheim                                             gjenval

 

Karl Petter Hove hadde bedt om avløysing i styret, forslag om at vara Stein Husevåg går frå vara og inn i styret. Stein Husevåg vart valt inn i styret. Tomas Indrearne kjem inn som ny varamedlem. Ved avstemming angåande Ole Henry Gjærset kom det benkeforslag om Einar Tore Haavik. Einar Tore var valt med 27 stemmer.

 

Styret for 2008 blir sjåande slik ut:

 

Leiar: Roar Gjerde

Nestleiar: Matz Kroken Aasebø

Sekretær: Hege Aarseth

Kasserar: Even Haavik

Styremedlem: Stein Husevåg

Styremedlem: Agnar Jetmundsen

 

Varamedlemmar:

 

Tomas Indrearne                                            

Einar Tore Haavik

Øystein Sørheim

 

Etter at dei vanlege årsmøtesakene var avslutta informerte Roar litt om kva styret skal jobbe med iløpet av 2008. Det blir å få samla inn meir midlar til overflateredningsprosjektet som Volda Brannvern skal ha ansvar for.

 

UF Ørsta/Volda skal være arrangør når UF Norge skal halde sitt landsstyremøte ved Hotell Sagafjord på Sæbø i mai. Roar fortalde at UF lolalt skal halde eit foredrag om fjellredning. Viser elles til tidlegare styrereferat på UF sine nettsider.

 

Russeaksjonen 2008 er noko styret straks vil begynde å arbeide med i næraste framtid.

 

Det kom spørsmål frå ein av medlemmane om ikkje UF burde invitere uttrykningsetatane i øyane no etter at Eiksundsambandet har opna. Det har vore diskutert også ved tidlegare høve, men ein kjem til at det vil være greit at dei evt startar opp med sin eigen lokalorganisasjon der ute.

 

Kom også eit tips om at Aasen bilverksted i Ulsteinvik driv med storbilberging, som evt kan brukast ved storbilulykker her i distriktet.

 

Det vart tatt opp spørsmål angåande effekten av skred i Storfjorden. Det er anslått at effekten av ei slik bølgje også vil ramme vårt distrikt. Dette er kanskje noko styret bør ta opp og finne ut av kor godt forberedt ein kan vær ved ei slik ulykke.

 

Samtidig oppfordra Guttorm Hagen til å møte på skredkvelden som skal arrangerast på Ørsta Kulturhus 13.mars. Dette er i regi av Volda/Ørsta Røde Kors skredgruppe.

 

Det heile vart avslutta med det tradisjonelle lotteriet. Etter årsmøtet samla var det sosialt treff i salongen på Porse.

 

 

-------------------                                                                        ---------------

Knut Krumsvik                                                                             Tore Bjørdal

 

Referent

Hege Aarseth