Sist oppdatert: 01. Mars 2009

 

Russeaksjonen 2008

 

I april vart årets russeaksjon gjennomført. I år var alt samla ved Ørsta Trafikkstasjon. Russebilane vart kontrollerte i tur og orden. Medan russen venta på tur, hadde politi, brann og ambulanse sine stasjonar med ulikt opplegg som russen rulerte på. I tillegg til dei ulike etatane stilte G4S med ein representant som viste korleis brannapparata fungerte. Ambulansen hadde litt om grunnleggande førstehjelp. Politi snakka litt om opptreden på skadestad. Mange var innom dei ulike stasjonane. Inntrykket vi satt igjen med var at til neste år bør vi klare å få det til å virke meir spennande og motiverande.

 

 

 

Sjå bilder frå aksjonen...

Les om tidlegare russeaksjonar...