Sist oppdatert: 28. februar 2009

Årsmelding for UF- ØRSTA/VOLDA 2008.

 

 

·         UF- Ørsta/Volda har gjennom 2008 hatt følgjande styre:

 

o   Leiar - Roar Gjerde

o   Nestleiar – Matz Kroken Åsebø 

o   Sekretær – Hege Aarseth

o   Kasserar – Even Haavik

o   Styremedlem – Stein Husevåg

o   Styremedlem – Agnar Jetmundsen

o   Varamedlem – Thomas Bjerkhagen Indrearne

o   Varamedlem – Øystein Sørheim

o   Varamedlem  - Einar Tore Haavik

 

 

    ·         UF- Ørsta/Volda har sidan forrige årsmøte halde 3 styremøter. Organisasjonen har gjennom 2008 deltatt og arrangert følgjande                aktivitetar:

 

 

Skredulykka ved Kirketinden.

 

Uf Ørsta-Volda mista eit medlem i fjor. 5.januar vart Even Hovde meldt sakna etter ikkje å ha kome heim etter ein skitur til Kirketinden i Ørsta. Han vart funnen omkomen i eit snøskred under Kirketinden søndag 6.januar. Blomster vart sendt frå UF Ørsta-Volda til pårørande. Krans vart lagt ned under gravferda.

 

Russeaksjon 2008

 

I april vart årets russeaksjon gjennomført. I år var alt samla ved Ørsta Trafikkstasjon. Russebilane vart kontrollerte i tur og orden. Medan russen venta på tur, hadde politi, brann og ambulanse sine stasjonar med ulikt opplegg som russen rulerte på. I tillegg til dei ulike etatane stilte G4S med ein representant som viste korleis brannapparata fungerte. Ambulansen hadde litt om grunnleggande førstehjelp. Politi snakka litt om opptreden på skadestad. Mange var innom dei ulike stasjonane. Inntrykket vi satt igjen med var at til neste år bør vi klare å få det til å virke meir spennande og motiverande.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utrykningspersonellets Fellesutvalg-Norge avholdt

Landsmøte onsdag 7. og torsdag 8.mai på Hotell Sagafjord.

 

Arrangør for Landsmøtet var i år UF Ørsta/Volda.

Landsmøtet for UF-Norge for perioden 2006-2008, ble avholdt i naturskjønne omgivelser på Sunnmøre onsdag 7.mai og torsdag 8.mai 2008. Representanter fra 10 ulike lokale UF-utvalg tok turen til Sæbø i Ørsta kommune for å ta del på landsmøtet. Landsmøtet foregikk på Hotell Sagafjord, som ligger ved Hjørundfjorden.

Det var i år UF-Ørsta/Volda som stod som medarrangør for Landsmøtet. Leder for UF Ørsta/Volda, Roar Gjerde, ønskte de fremmøtte velkommen med å presentere det lokale UF-Utvalget. UF Ørsta/Volda er ett aktivt lokal-utvalg som ble opprettet i 1998. Det har pr. i dag 157 aktive medlemmer, som arbeider i de ulike brannkorpsene, politiet og ambulansetjenesten i Volda og Ørsta kommune. UF Ørsta/Volda har ulike årlige aktiviteter, som blant annet Russeaksjon, Refleksaksjon, Samarbeidsmøter, fysisk trening og lignende. Pr. tiden arbeider de med et prosjekt i forhold til overflateredning, der en gruppe i brannvesenet vil få utstyr og opplæring i forhold til overflateredning ved ulykker på vann. Dette prosjektet bil bli dekt av innsamlede midler.

Grunnet noe forsinkninger i flytransporten vart møtet noe utsett. Selve Landsmøtet startet kl. 14.15. Det var totalt 16 personer som deltok på Landsmøtet, og i tillegg en del observatører. Selve Landsmøtet gikk i år raskt for seg, så etter 45 minutt var hele møtet overstått.

Hans Christensen får overrekt blomster av tidligere leder, Birgit Monsås.

Det var lagt opp til ett faglig foredrag etter Landsmøtet. I år var Hans Christensen fra Hovedredningssentralen på Sola (HRS-Sør) invitert. Han tok for seg hovedredningssentralen sin funksjon og organisering, og gav de fremmøtte en informativ oppdatering på deres arbeid og funksjon.

 

 

 

Etter det faglige foredraget, var legeskyssbåten på Sæbø leid inn for en sightseeing på Hjørundfjorden. Turen gikk innover fjorden til Bjørke, videre til Viddal og inn til Øye. Her gikk alle i land for å ta en stopp på severdige Hotell Union Øye. Dette er ett gammelt hotell bygd i år 1881. Hotellet var nyrestaurert i 2001, og er veldig særegent med tidsriktig inventar i forhold til sin opprinnelse. Videre gikk turen tilbake til Hotell Sagafjord, der festmiddag vart arrangert.

 

Torsdag 8.mai var det også lagt opp til ett faglig foredrag. Da var det Varabrannsjef ved Ålesund Brannvesen, Jonny Stølen, som var foredragsholder. Han tok for seg Rasulykka i Fjelltunveien i Ålesund som skjedde natt til 26. Mars 2008, der en boligblokk kollapset. Fem personer omkom i den tragiske ulykken. Denne ulykken bar preg av store utfordringer i forhold til redningsarbeidet. Ulike moment vanskeliggjorde sikring og utførelse av redningsarbeidet, men tross mange utfordringer var det gjort et imponerende og dyktig arbeid fra redningsmannskapet.


Varabrannsjef, Jonny Støylen, hold foredrag om rasulykka i Ålesund.

 



Ny leder for UF-Norge ble Jan Olav Vagle (Til venstre) fra Larvik og Sandefjord Alarmsentral, og ny nestleder ble Roar Gjerde (til høgre) fra Helse Sunnmøre HF - Ambulansetenesten i Volda.

 

 

Refleksaksjon

 

Laurdag 6 September 2008 vart det halde refleksaksjon i Volda. UF Ørsta/Volda arrangerte dette i samarbeid med Handelsforeininga i Volda. Personell frå politiet, ambulansetenesta og brann- og redning stilte opp ved gamle busshaldeplassen midt i Volda sentrum. Her vart det delt ut gratis refleks til både barn og vaksne. Refleksaksjonen har vorte eit årleg tiltak frå UF Ørsta/Volda, og formålet er å få fleire til å bruke refleks. Aksjonen blir kvart år halde på hausten, då den mørke årstida fort skaper farlege situasjonar i trafikken. Organisasjonen finn det svært viktig å forebygge ulykker, og har derfor denne aksjonen som eit forebyggande tiltak. Det var på denne tilstellinga mogleg å ta utrykkingskøyretøya i nærare augesyn. Både brannbil, politibil og ambulanse kunne inspiserast av alle som var interessert.

 

 

Laurdag 4. Oktober 2008 vart tilsvarande tilstelling arrangert i Ørsta. Dette føregjekk i sentrum av Ørsta ved kjøpesenteret AMFI. Alle tre etatar var representert, og det vart også her delt ut refleks til alle som kom innom. Både unge og gamle fatta interesse for utrykkingskjøretøya, og alle fekk mulegheit for å ta bilane og utstyr i nærmare augesyn.

 

       

 

 

 

 

Beredskap for overflateredning

UF-Ørsta/Volda satte i 2008 i gong ein innsamlingsaksjon for å skaffe midlar til utstyr for overflateredning. Utstyret er no på plass, og mannskap i Volda brannvern har gjennomført opplæring i bruk av dette. 10 mann har gjennomført opplæring/trening i redning, i både ope og islagt vatn. Fleire av mannskapa vil kome med etterkvart. Vi har planar om å utvide beredskapen til å også omfatte elveredning og ettersøkjing, men tek eit steg i gongen. Kort fortalt består utstyret av våtdrakter, ABC utstyr, redningsvestar, tauverk, div. sikringsutstyr og oppblåsbar redningsbåt. Vi gjer merksame på at beredskapen ikkje innbefattar dykking, kun redning på overflata.

Situasjonar det kan vere aktuelt nytte denne beredskapen, er ved redning av personar både på ope og islagt vatn og i hamneområder/ strandlinje. Beredskapsområdet til Volda brannvern er Volda kommune, men vi tilbyr også å yte bistand til nabokommune i tråd med dimensjoneringsføreskrifta.

 

 

 

 

Varsling skjer gjennom 110 sentralen, og det vil då gå full alarm til Volda brannvern. Ved slike aksjonar kan situasjonen raskt endre seg, og det er difor ofte nødvendig at redningsdykkarane ved Ålesund Brann- og redning også blir varsla samtidig.


UF Medlemsmøte

 

Det vart halde på Aasentunet 11 desember, tema var eigensikerheit og korleis opptre ved skape oppdrag. Foredragshaldar var Øyvind Lager frå Ålesund Politikammer. Det var om lag 35 personar som møtte. Det var eit spennande foredrag og som vanleg avslutta vi kvelden med lotteri. 

 

 

 

UF-Trening

Det har også i år vore trening for UF medlemmane i Idrettsbygget i Volda. Dette er kvar onsdag kl.19.30 - 20.15. Oppmøte har vore variert også i år.Tanken med å ha dette tilbudet er sjølvsagt å komme i bedre form, men det viktigaste er å samlast for å ha det sosialt i lag. Oppmodar fleire medlammar til å delta på desse treningane.

 

 

Takk til alle som har vore med og gjort ein flott innsats for UF Ørsta/Volda også gjennom dette åretJ

Volda 26.02-09

Roar Gjerde

Leiar i UF Ørsta/Volda