Sist oppdatert: 23. Februar 2009

Beredskap for overflateredning

UF-Ørsta/Volda satte i 2008 i gong ein innsamlingsaksjon for å skaffe midlar til utstyr for overflateredning. Utstyret er no på plass, og mannskap i Volda brannvern har gjennomført opplæring i bruk av dette. 10 mann har gjennomført opplæring/trening i redning, i både ope og islagt vatn. Fleire av mannskapa vil kome med etterkvart. Vi har planar om å utvide beredskapen til å også omfatte elveredning og ettersøkjing, men tek eit steg i gongen. Kort fortalt består utstyret av våtdrakter, ABC utstyr, redningsvestar, tauverk, div. sikringsutstyr og oppblåsbar redningsbåt. Vi gjer merksame på at beredskapen ikkje innbefattar dykking, kun redning på overflata.

Situasjonar det kan vere aktuelt nytte denne beredskapen, er ved redning av personar både på ope og islagt vatn og i hamneområder/ strandlinje. Beredskapsområdet til Volda brannvern er Volda kommune, men vi tilbyr også å yte bistand til nabokommune i tråd med dimensjoneringsføreskrifta.

 

Varsling skjer gjennom 110 sentralen, og det vil då gå full alarm til Volda brannvern. Ved slike aksjonar kan situasjonen raskt endre seg, og det er difor ofte nødvendig at redningsdykkarane ved Ålesund Brann- og redning også blir varsla samtidig.




Att.: Roy Inge Heltne, Brannmester/Varabrannsjef Volda Kommune Brann og redning

Sjå fleire bilder frå treninga...