Sist oppdatert: 14. Mars 2009

 

Referat frå årsmøte i UF Ørsta/ Volda

 

Årsmøtet vart i år halde fredag 27.2.09 kl. 1900 ved Ørsta rådhus. Det var tilsaman 22 medlemmar som deltok på årsmøtet.

 

Leiar Roar Gjerde opna årsmøtet. Det var ingen merknader til innkallinga som hadde vært trykka i lokalaviser og på heimesidene til UF. Referent vart Matz Kroken Åsebø. Øystein Sørheim og Erik Myklebust vart valt til å skrive under på årsmøteprotokollen.

 

Årsmeldinga vart lest opp i si heilheit, samtidig som den blei vist på storskjerm. Det var ingen merknader til årsmeldinga anna enn at det var ein ryddig gjennomgang av UF Ørsta/ Volda si verksemd i 2008.

 

Kasserar Even Haavik gjekk deretter gjennom rekneskapet for 2008. Dette blei vist på storskjerm slik at medlemmane kunne sjølv sjå kva postane og resultatet innneheldt. Revisorane hadde på førehand gjennomgått og godkjent rekneskapet med ein merknader. Bilag 30 i rekneskapet er ikkje eit bokført beløp.

 

Det kom ein kommentar til rekneskapet, og det var om ein kunne sjå på utgifta ein har til leige av treningstid ved idrettsbygget i Volda, og om det kunne slåast saman med treninga som Volda brannvern har på Tren i Volda. Kasserar kommenterte då at dette var to separate treningar, og treninga Volda brannvern har er noko Volda kommune står ansvarleg for.

 

Ein annan merknad var at det er ynskjeleg at rekneskapet for fjoråret bør leggast ved gjennomgangen slik at ein kan sjå utviklinga til økonomien i UF.

 

Rekneskapet blei godkjent med dei merknadane som kom fram.

 

Valnemda hadde desse forslaga til nytt styre:

 

 

Medlemmar til styret velgast for 2 år

 

Leiar:                     Roar Gjerde

Sekretær:               Hege Aarseth

Styremedlem:       Thomas Indrearne

 

Vara (1 år)

 

Einar Tore Haavik

Øystein Sørheim

Sverre Berg Hustad

 

Revisorar (1 år)

 

Terje Scheldrup

Malvin Kile

 

Valnemd (1 år)

 

Knut Krumsvik

Harald Nupen

Øystein Sørheim

 

 

Leiar vart valt skriftleg og ved akklamasjon, dei andre som valnemda hadde foreslått vart valt ved akklamasjon.

 

Styret i UF Ørsta/ Volda for 2009 ser slik ut:

 

 

Leiar                       Roar Gjerde

Nestleiar                Matz Kroken Åsebø

Sekretær                Hege Aarseth

Kasserar                Even Haavik

Styremedlem        Stein Husevåg

Styremedlem        Thomas Bjerkhagen Indrearne

Varamedlem        Øystein Sørheim

Varamedlem        Einar Tore Haavik

Varamedlem        Sverre Berg Hustad

 

Etter at årtsmøtet var avslutta haddde Erlend Krumsvik frå Volda brannvern eit innlegg om overflateredning. Han presenterte kva utstyr Volda brannvern har kjøpt inn og korleis dei kan nytte seg av dette. Ein har allereie no komt i gang med opplæring på dette og alle vaktlaga har operativt mannskap til å nyttegjere seg av dette.

 

Til slutt vart det bespising i kantina på rådhuset og det vart som vanleg lotteri.

 

 

 

 

…………………………..   ………                                   …………………………………..                                     

               Øystein Sørheim                                                   Erik Myklebust

 

 

Matz Kroken Åsebø

Referent