
Årsmelding for UF ØRSTA/VOLDA 2009.
·
UF- Ørsta/Volda har gjennom 2009 hatt følgjande styre:
o Leiar - Roar Gjerde
o Nestleiar – Matz Kroken Åsebø
o Sekretær – Hege Aarseth
o Kasserar – Even Haavik
o Styremedlem – Stein Husevåg
o Styremedlem – Thomas Bjerkhagen Indrearne
o Varamedlem – Sverre Berge Hustad
o Varamedlem – Øystein Sørheim
o Varamedlem - Einar Tore
Haavik
·
UF- Ørsta/Volda har sidan sist årsmøte kun hatt 2 styremøte. Det har ikkje
vore noko særlig til aktivitet i regi av UF dette året. Det er litt ulike
årsaker til dette, blant anna har vi hatt nokre større ulykker som har krevd
ein del etterarbeid og etterforsking blant etatane. Organisasjonen har
likevel arrangert desse aktivitetane:
Refleksaksjon i Ørsta.
Det vart halde refleksaksjon kun i Ørsta i år, det pga at det ikkje kom
nokon henvendelse frå handelsforeininga i Volda. Årets refleksaksjon vart
halde i september på parkeringsplassen utanfor AMFI. Alle etatane var
representerte. Barn og vaksne fekk utdelt gratis refleks.
Organisasjonen finn det svært viktig å førebygge ulykker, og har derfor
denne aksjonen som eit førebyggande tiltak. Både brannbil, politibil og
ambulanse kunne inspiserast av alle som var interessert.
Fellesmøte og gjennomgang av Eiksundulykka.
26 November var det arrangert fellesmøte for UF Ørsta/Volda. Tema var
gjennomgang av den tragiske Eiksundulykka i juni. Mange var møtt fram. Dei
forskjellige etatane la fram si evaluering etter tur. Svein Godager frå
Ambulanseavdelinga, Malvin Kile og Einar Tore Haavik frå Brann og
redningsetaten og Stian Meek frå Politiet. Kort oppsummert synest dei som
deltok i redningsarbeidet at dette var ein bra utført redningsoperasjon. Når
utfallet vart som det vart, kom vi til at det var best å få ut dei omkomne
ut frå bilvraket nede i tunnellen.
UF-trening i idrettsbygget.
Vi har også i år treningstid i idrettsbygget i Volda.
Dette er som før, onsdagar kl.19.30-20.15. Tanken med å ha dette tilbodet er
sjølvsagt å komme i betre form, men det viktigaste er å samlast for å ha det
sosialt i lag. Oppmøte har variert, så oppmodar fleire om å delta
J
Birken 2009.
Tre UF medlemmar
deltok i fjorårets Birken (sykkel).
Desse
sykla under UF Ørsta/Volda sitt namn.
Dette var Geir
Helge Ådneram, Pål Inge Olsen og Matz Åsebø.
·
Styret i UF Ørsta/Volda tek sikte på å ta opp igjen meir aktivitet i året
som kjem. Det har allereie laga ein møteplan for år 2010. Der tek vi bl.a
sikte på å halde 2 fellesmøte, eit på våren og eit på hausten. Tema for
vårmøtet vert truleg ”skyting pågår”.Tema for haustmøtet vert TAS 3,
storbilredning.
Takk
for samarbeidet i året som har gått!
Mvh
Roar Gjerde
Leiar i UF Ørsta/Volda
Volda 09.02-10