

Referat
frå Årsmøte 2009.
Årsmøte for
2009 vart halde på Røde Kors huset i Volda den 11.02-10 kl 19.00. Det var 17
medlemmar som var møtt opp.
Agenda for
møtet var:
·
Informasjon
frå Omsorgsgruppa i Volda v/ Torill Høydal
·
Matykt
·
Tombola
·
Årsmøte
·
Val
Even opna
årsmøte med å ynskje velkommen og introduserte Torill Høydal (helsesøster)
frå omsorgsgruppa.
Høydal informerte om gruppa sine oppgåver og
oppbygging. Dette er ei tverrfagleg gruppe som vert innkalla når det skjer
større ulykker i kommunen. Det er lensmannen som kallar inn omsorgsgruppa
ved behov. I denne gruppa sitt prest, helsesøster, lege, psykolog og politi.
Desse tek seg av involverte og pårørande i forbindelse med ei ulykke.
Ho
drog fram enkelte ulykker som dei har tatt del i og fortalde litt om
oppfølginga i etterkant av dette.
Etter
innlegget frå Høydal vart det ei kort matykt og loddsal.
Så starta
sjølve årsmøte. Roar Gjerde var møteleiar, Hege Aarseth var referent og Rune
Barstad og Erlend Krumsvik skal skrive under på møteprotokoll.
Det var
ingen kommentarar til innkalling. Roar las gjennom årsmeldinga. Kom ei
innvending til dette. Under punktet Birken, burde det kome fram at Torgeir
Raknes og Roar Gjerde også var påmeldt, men trekte seg grunna dårleg
treningsgrunnlag. Dette er no fiksa.
Even
informerte og gjekk gjennom rekneskapet. Vi har i dag ca kr. 20.000 på bok.
Kom eit innspel om det var gjort noko for å få inn pengar frå bedrifter i
lokalmiljøet. Dette vil styret prøve å gjere noko med komande år. Elles vart
rekneskapet godkjent av revisorar Malvin Kile og Terje Schjelderup.
Val: Vart
litt utskiftingar i styret. Det nye styret ser slik ut:
·
Leiar –
Roar Gjerde
·
Nestleiar –
Matz Kroken Åsebø
·
Sekretær –
Hege Aarseth
·
Kasserar –
Even Haavik
·
Styremedlem
– Einar Tore Haavik
·
Styremedlem
– Thomas Bjerkhagen Indrearne
·
Varamedlem
– Sverre Berge Hustad
·
Varamedlem
– Stian Meek
·
Varamedlem
– Erlend Krumsvik
Revisorar
er som før Malvin Kile og Terje. Ny valnemnd består av Svein Godager, Pål
Inge Olsen og Agnar Jetmundsen.
Referent
Hege
Aarseth
Rune Barstad
Erlend Krumsvik
Regnskapet for 2009 er publisert på Interne Sider...
Les også Årsmeldinga for 2009...