Sist oppdatert: 14. November 2008

VEDTEKTER FOR UF-ØRSTA/VOLDA


Godkjent på Årsmøtet 28.02.2000

§1 Utrykningspersonellet sitt Fellesutval - Ørsta/Volda ynskjer å fremme samarbeid og forståing mellom lensmannsetaten, brannvernet og ambulansetenesta i Ørsta/Volda.

§2 Dette vert gjort gjennom samarbeid i form av møte, foredrag og prosjektarbeid.

§3 Fellesutvalet er eit tverrfagleg utval kor kvart einskild medlem kan utvikle seg og tilføre seg kunnskap. På møta har alle arbeidstakarar/leiarar og medarbeidarar innan dei profesjonelle utrykningsetatar møterett. Andre som naturleg hører inn under redningstenesta kan og møte

§4 Fellesutvalet er inga fagforeining, leiar- eller arbeidsgjevargruppe, men eit utval for tverrfagleg personellutvikling innanfor utrykningstenesta i Ørsta/Volda.

§5 Utvalet vert leia av eit styre, og har representantar frå dei ulike etatane i Ørsta/Volda. Styret skal bestå av leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og to styremedlemer. Leiar, kasserar og eit styremedlem vert valt for 2 år. Nestleiar, sekretær og eit styremedlem vert på val neste år for ein periode på 2 år. Det skal og veljast 3 vararepresentantar til styret.

§6 Styret vert valt på årsmøtet, og årsmøtet vert halde innan utgangen av februar mnd. Styret bestemmer tid og stad for møtet, og gjer dette kjent seinast 14 dagar i førevegen. Årsmøtet vel styremedlemer med varamedlemer, og handsamar årsmelding , rekneskap og innkomne framlegg. Vedtaka vert gjorde med alminneleg fleirtal, vedtektsendringar med 2/3 fleirtal.

§7 Årsmøtet vel og ei valnemnd på 3 medlemer for 1 år, og denne skal bestå av ein representant for kvar etat.

§8 Økonomiske midlar vert søkt tilført frå offentleg og privat sektor, som ut frå samfunnsgagnlege tiltak har interesse for at Fellesutvalet sitt arbeid vert drevet i Ørsta/Volda. Einskilde møter og tiltak kan leggast opp som økonomisk innbringande for fellesutvalet si vidare drift. Det skal ikkje krevjast inn kontingent for å vere medlem i Fellesutvalet.

§9 Rekneskapen skal avsluttast p.r. 31.12., og skal reviderast av 2 revisorar. Desse vert valde av årsmøtet for to år om gongen.

§10 Dersom Fellesutvalet skal løysast opp, må det verte vedtatt på årsmøtet med 2/3 fleirtal. Økonomiske midlar som måtte vere på Fellesutvalet sin konto, vert sperra for dei neste to åra, for så å gis til eit på førehand bestemt føremål innan utrykningstenesta i Ørsta/Volda.